Eg vart fridd til på stranda i Agadir, Marokko 25. Mars 2012, då min kjære og meg var på valfri skuletur.
Eg har lengje vore bestemt på at eg ikkje skulle gifte meg, men han endra det heile for meg. Han sa han tykte det var eit "fint symbol" på kjærleiken, og at han veldig gjerne kunne tenkje seg å gifte seg ein gong. Så, når me fyrst verkeleg diskuterte det saman sa eg at det var greitt, me kunne bestille ringene, men ikkje bruke dei før ein av oss gjorde eit offisielt frieri. På Valentinsdagen bestilte me ringar saman. Me fann eit fint tilbod på 3.900,- for to gullringer. Veldig enkle med kun nokre små detaljar. Noko som passa oss fint. Dei låg i skuffen i over ein månad og kalla på oss, venta på å verte brukt, før me vart einige om at det kunne vere "like greitt" å ta dei med til Marokko, då me kanskje fann eit fint augenblikk som kunne passe til frieri. Dagen etter me ankom Marokko hadde eg heilt gløymd ringane, og min kjære gøymde dei i innerlomma på jakka før han spurde om ikkje eg ville vere med ein tur på stranda og gå etter middag. Eg sa ja; kvifor ikkje? Det var jo fint ute, og ikkje så altfor kaldt heller. Under middagen vart me halt med selskap av eit anna kjærastepar, der guten var rimeleg full. Med dette i minnet gjekk me på stranda, der min kjære heldt rundt meg lengje og kyssa meg. Idet me slapp kvarandre stakk han handa innanfor jakka og trakk ut eska til ringane. "Vil du gifte deg med meg?" - eg må sei, sjølv om me hadde snakka om og spøka med at me kom til å forlove oss på denne datoen(sidan me var i Marokko den dagen og me har ei historie med 25.), så vart eg overraska, rørt og glad, og måtte svare med eit tårekvalt "Ja.".
Det var eit fint augenblikk, og sjølve tanken på det får meg til å ville skrive og skrive og skrive og skrive i evigheiter! : ) Eg håpar alle hadde/får eit så fint og minneverdig agenblikk som det eg hadde, det fortener sin fulle verdi!
05:25
23. oktober 2011
Høyest antall samtidige brukere på forumet var 475
Pålogget nå:
20 Gjest(er)
Hvem er på denne siden nå:
1 Gjest(er)
Toppliste innlegg:
Stavangerpar: 14664
eriksson: 7598
vanilla81: 4232
lindakbj: 4020
sizza87: 3278
Katrine: 3155
Jannicke: 2914
Medlemsstatistikk
Gjester: 2
Medlemmer: 9151
Moderatorer: 2
Administratorer: 2
Forumstatistikk
Grupper: 5
Forumer: 36
Emner: 11394
Innlegg: 176083
Nyeste medlemmer:
gurooo, Guro, tuvavb, Ellikapstad, IneThereseModeratorer: Trone: 20970, Stian og Gitte: 7804
Administratorer: Bryllupsvenner: 49, Roger: 4193
Innlegg med flest stjerner
Skriv interessante innlegg for de som planlegger bryllup, da vil du kanskje se ditt innlegg i listen over!
Siste kommentarer