Love Actually

Med Hugh Grant og Colin Firth i sentrale roller er det kanskje ikkje noko overrasking at her blir det både kjærleik  og komikk i fin blanding. Men dei dreg ikkje lasset åleine. Bill Nighy gjer ein god figur som avdanka rockestjerne  og Rowan Atkinson har ei lita, men uforgløymeleg rolle i filmen! Men det dukkar opp fleire andre fjes også.

Filmen har sine rørande øyeblikk, men er for det meste komisk og koseleg. Ein passe dose alvoer gjer at filmen  får litt tyngde også. Filmen set oss inn i ein god del ulike karakterar med sine forskjellige liv og livsfasar. Det blir  etterkvart fletta elegant inn i kvarandre. Det kan lett bli lit rot når ein har for mange karakterar, men filmen held  seg innafor grensa og det går greit å få med seg alle del-historiene. Den har nokre gullkorn-kommentarar også  som lett blir udødlege! Den skal nemnast at den også er ganske julete, så den passar perfekt ein mørk  desemberkveld.

Som mann kan eg trygt anbefale denne filmen til damer og menn i nær sagt alle aldrar.

Eg gir filmen 5 auge på terningen. Trekker litt fordi det er nokså forutsigbart mot slutten og fordi 6’aren skal henge høgt.

Filmen kom ut i 2003 og varer i drygt 2 timar.

Med Hugh Grant og Colin Firth i sentrale roller er det kanskje ikkje noko overrasking at her blir det både kjærleik og komikk i fin blanding. Men dei dreg ikkje lasset åleine. Bill Nighy gjer ein god figur som avdanka rockestjerne og Rowan Atkinson har ei lita, men uforgløymeleg rolle i filmen! Men det dukkar opp fleire andre fjes også.

Om kommentarfeltet: Skriv gjerne en kommentar, men du sier dine egne ord, så vær snill og hjelpsom om du kan. Har du spørsmål som du trenger svar på, bør du heller skrive et innlegg i bryllupsforumet


Si din mening

*

More in Bryllupsfilmer
The Wedding Ceremony

Med Uma Thurman, Lee Pace, Michael Angarano Romantisk komedie filmen handler om to venners reise...

Close