Vår flotte bryllupsfest 22.09.2012 | Fortell om dagen | Bryllupsforum

annonse-til-forumet-bryllupogfest2

Avatar

Registrér deg gjerne

sp_LogInOut Logg inn sp_Registration Registrér deg

Registrér deg | Glemt passordet?
Avansert søk

— Forum omfang —




— Match —





— Forum Valg —





Minimum søkeordlengde er 3 tegn - maksimum søkeordlengde er 84 tegn

sp_TopicIcon
Vår flotte bryllupsfest 22.09.2012
Emne Rating: 0 Emne Rating: 0 Emne Rating: 0 Emne Rating: 0 Emne Rating: 0 Emne Rating: 0 (0 stemmer) 
23. september 2012
22:36
Avatar
Fullt medlem
Forum innlegg: 256
Medlem siden
10. februar 2012
sp_UserOfflineSmall Offline

No sit vi med beina høgt, og pustar ut etter ein heilt strålande bryllupsfest. Vi hadde i utgangspunktet planlagt utevielse, men forsto etter kvart at det regna så mykje at vi måtte gå for plan b, altså å bruke salen under festsalen på Årvoll gård som vielseslokale. Mi venninne Elisabeth hadde regi på seremonien, og takla dette strålande. Stolar vart sett opp og blomearrangementa som forlovaren min hadde laga passa perfekt i vielsessalen.

Eg hadde ein fin føremiddag hos min faste frisør, han fønte håret i ei naturleg frisyre, der håret hang ned og eg fekk ei hårbøyle i forgylt sølv frå Sandberg i håret. Ein kollega av han sminka meg, og så kom forlovaren min og kjæresten min med sin forlovar, og saman dro vi ned til sentrum, like ved regjeringskvartalet. Der hadde fotografen funne ei rivingstomt i teatergata, og den utgjorde ein fantastisk location for vår fotografering. Vi var effektive, og kom opp til Årvoll litt før tre. Då fekk vi vite at far min, som skulle hente kjæresten min sine foreldre, var forsinka. Dei kom ikkje fram før eit kvarter etter at vielsen skulle starte! Gjestane vart informert i salen, og vi venta i det vesle våningshuset på garden.

Så gjekk vi inn i salen medan koret mitt sang Bruremarsj frå Valsøyfjord, og det var så nydeleg! Vigselsmannen holdt ein fantastisk og personleg tale, og så sang datra mi med sine tre nieser "True colors" av Cindy Lauper. Ikkje eit auge var tørt. Ei venninne av oss las Vår beste dag av Erik Bye, og så kom sjølve vigsla. Etter denne sang koret Embraceable you, og utmarsjen var The way I am av Ingrid Michaelson, sunge av ei venninne av meg som vart kompa på gitar av kjæresten sin. Nydeleg! Sjekk ut den videoen på youtube, sangen er så søt med ei rørande tekst.

Etterpå fekk alle frukt og sjampanje, og så gjekk vi inn i salen. Alle fann bordet sitt og bordkortet sitt, og det gjekk greitt å få alle på plass. Middagen gjekk som planlagt, marinert laks med ramsløkkrem til forrett, boeuf bourguignon med urtebakte grønsaker til hovudrett og ost med ulike marmeladar til dessert. Vi hadde bord med ti gjestar på kvart bord, og det var lett å vandre rundt mellom borda innimellom og slå av ein prat med gjestane. Det var veldig avslappa og uformell stemning, og det at vi ikkje hadde så mange talar hjalp på at vi klarte å bli ferdige med middagen berre tjue minutt over tida. Talane til forlovarane våre var fantastiske, dei to andre talane var frå mødrene og var slik slike talar skal vere: Ordrike og for lange. wink

Kaffegjestane hadde fått servert meir sjampanje i ventetida, og eg var nede og prata litt med dei rett før desserten vart servert. Når bordsetet vart heva opna vi dørene inn til godteribufféen, og det var utruleg artig å sjå ansikta til dei femten barna når dei kom bort til den. Eg har lagt ut nokre bilde her: http://altgodt.wordpress.com/2.....ribuffeen/

Dei vaksne fekk servert kaffe avec, og forsynte seg frå godteribufféen, dei og. Etter ei stund med fri drøs samlast vi i salen igjen. Då hadde kaffegjestane blitt fordelt på borda i salen, og vi gjekk i gang med dagens quiz. (Vi er quizmenneske på vår hals.) Det var ein kort quiz med 15 spørsmål, fem musikkspørsmål og to flasker sjampis til det vinnande bordet. Det var populært! Så holdt Kjetil og eg våre talar til kvarandre, og ikkje eit auge var tørt. Det kom nokre fleire innslag, mellom anna sang datra til ei venninne for oss, og det var nydeleg. Ein venn sang eit stev, og så var det fleire talar frå vennar og familie.

I titida var kakebufféen på plass, den var der godteribufféen hadde vore tidlegare. Godteriet var komprimert over på eit sidebord. Vi hadde ei fire etasjers bryllupskake som bror min og søstra mi hadde lagd, ca. 15 kaker i tillegg til det (ja, vi er sunnmøringar...) og niesa mi på 12 hadde bakt nærare 200 cupcakes! Eg talte opp i dag når vi rydda, det var 31 igjen, så dei var populære.

Bruredansen var til Strangers in the night, og så dansa vi til klokka var tre. Då var vi slitne, trøytte og så glade at vi ikkje klarte å slutte med å smile. Det er utruleg gøy å gifte seg! biggrin

23. september 2012
23:18
Avatar
Gullmedlem
Forum innlegg: 1000
Medlem siden
7. mars 2012
sp_UserOfflineSmall Offline

Gratulerer så mye!! Høres ut som om at hele dagen ble knall biggrin
Gleder meg til flere bilder!!!

23. september 2012
23:43
Avatar
Gullmedlem
Forum innlegg: 2036
Medlem siden
15. juni 2012
sp_UserOfflineSmall Offline

Gratulerer! biggrin

Sitter å smiler etterhvert som jeg fortsetter å lese nedover... Så utrolig kjekt å lese!

Jeg bare forsetter å stjele tips fra bryllupet ditt, og kjenner at en stor stein falt når jeg hører det er mulig å ha quiz i bryllup! Og all ære til 12.åringen som har bakt 200 cupcakes (!?!?!) Imponert.

biggrin

24. september 2012
08:55
Avatar
Eidsvoll Verk, Akershus

Forum innlegg: 7804
Medlem siden
23. oktober 2011
sp_UserOfflineSmall Offline

Nå sitter jeg med et stort smil om munnen, Altgodt! For en herlig dag dere hadde. Høres helt strålende ut 😀 og så nydelig candy-bufeeten ble.

24. september 2012
15:11
Avatar
Fullt medlem
Forum innlegg: 256
Medlem siden
10. februar 2012
sp_UserOfflineSmall Offline

Sjølv om alt var fantastisk er det jo alltid noko som ikkje fungerer så bra som ein ville. Det var berre små detaljar, så det gjorde ingenting med kjensla for sjølve dagen, men kjøkemeisteren gløymde å seie at folk måtte skrive i gjesteboka, så det var det ikkje så mange som gjorde. Det same gjaldt fotoboksen, men der var problemet at braketten som skulle feste kameraet til stativet var sporlaust forsvunnen. Eg fann den att i dag, i bøttekottet, utruleg nok. Vi gjekk tom for øl i totida, og vi kunne og hatt meir farris. Men barfolka satte fram mugger med kaldt vatn, og det var meir enn nok drikkevarer utanom øl.

24. september 2012
19:20
Avatar
VIP-medlem
Forum innlegg: 7598
Medlem siden
24. oktober 2011
sp_UserOfflineSmall Offline

Herlig!!! Gratulerer så masse biggrin biggrin

25. september 2012
11:00
Avatar
Fullt medlem
Forum innlegg: 256
Medlem siden
10. februar 2012
sp_UserOfflineSmall Offline

Eg har lagt ut nokre bilde av borddekkinga og dekorasjonane, som eg vart veldig fornøgd med. 🙂 http://altgodt.wordpress.com/2.....ddekkinga/ Eg legg ut fleire når eg får dei offisielle bilda frå fotografen.

25. september 2012
11:06
Avatar
Eidsvoll Verk, Akershus

Forum innlegg: 7804
Medlem siden
23. oktober 2011
sp_UserOfflineSmall Offline

Det var kjempeflott! Og herlige bordkort 😀

25. september 2012
11:38
Avatar
Fullt medlem
Forum innlegg: 256
Medlem siden
10. februar 2012
sp_UserOfflineSmall Offline

Ja, eg syns dei "bordnamnbilda" vart veldig fine. Nokre av dei hadde ein slik fot bak som gamle rammer har, men ein del mangla det, og dei satte vi på små staffeli som eg kjøpte på IKEA for fem kroner. biggrin

25. september 2012
11:58
Avatar
Gullmedlem
Forum innlegg: 2036
Medlem siden
15. juni 2012
sp_UserOfflineSmall Offline
10sp_Permalink sp_Print
0

Veldig fint! Og så artig med navn og ikke nummer. smile Ser varmt og koselig ut, akkurat slik det skal være på høsten.

Det beste med å lese dette var vel ideen om små staffeli til en 5,- fremfor min egen ide til ca 600,- ](*,) så jeg takker og bukker for tipset, hadde ikke enset meg om jeg ikke hadde sett det hos noen.

Takk igjen. smile

28. september 2012
13:02
Avatar
Fullt medlem
Forum innlegg: 256
Medlem siden
10. februar 2012
sp_UserOfflineSmall Offline
11sp_Permalink sp_Print
0

-Og no har eg også lagt ut talen min til min kjære, med hans samtykke. 🙂 http://altgodt.wordpress.com/2.....in-kjaere/

28. september 2012
14:17
Avatar
Fullt medlem
Forum innlegg: 163
Medlem siden
16. august 2011
sp_UserOfflineSmall Offline
12sp_Permalink sp_Print
0

ååååååhhh [smilie=love0043.gif]
Den var skikkelig nydelig, og jeg måtte tørke ei tåre her nå!!

Stikk innom Til Bryllupet for stort utvalg i bryllupspynt!

Forumet tidssone: Europe/Oslo

Høyest antall samtidige brukere på forumet var 475

Pålogget nå:
41 Gjest(er)

Hvem er på denne siden nå:
1 Gjest(er)

0 aktive brukere siste 24 timer:

Toppliste innlegg:

Stavangerpar: 14664

eriksson: 7598

vanilla81: 4232

lindakbj: 4020

sizza87: 3278

Katrine: 3155

Jannicke: 2914

Medlemsstatistikk

Gjester: 2

Medlemmer: 9151

Moderatorer: 2

Administratorer: 2

Forumstatistikk

Grupper: 5

Forumer: 36

Emner: 11394

Innlegg: 176083

Innlegg med flest stjerner

  • I forum Kom i form til bryllupet!, emne Et mål langt i det fjerne.. av KatKirk (rangert 2 ganger with average rating of 4.00)
  • I forum DIY Bryllup - Kreativt Forum, emne Søstrene Grene in my heart!! (små blomstervaser) av Camomilita (rangert 2 ganger with average rating of 5.00)
  • I forum Alt annet om bryllupsplanlegging, emne feil i invitasjonene.. av Stian og Gitte (rangert 2 ganger with average rating of 5.00)
  • I forum Fortell om dagen, emne Kjære alle stressede bruder det går bra til slutt! av Gjest_M01 (rangert 2 ganger with average rating of 5.00)
  • I forum Tradisjoner Etikette, emne tale fra brud av eriksson (rangert 1 ganger with average rating of 3.00)
  • I forum Alt annet om bryllupsplanlegging, emne Save the date kort, når? av Endelig.2014 (rangert 1 ganger with average rating of 5.00)
  • I forum Må-Gjøres-Lister, emne Trones forsøk på kontroll.. av Trusa (rangert 1 ganger with average rating of 5.00)
  • I forum Må-Gjøres-Lister, emne Trones forsøk på kontroll.. av Stian og Gitte (rangert 1 ganger with average rating of 5.00)
  • I forum Må-Gjøres-Lister, emne Trones forsøk på kontroll.. av 220912 (rangert 1 ganger with average rating of 5.00)
  • I forum Må-Gjøres-Lister, emne Trones forsøk på kontroll.. av May-Lise :) (rangert 1 ganger with average rating of 5.00)
  • Skriv interessante innlegg for de som planlegger bryllup, da vil du kanskje se ditt innlegg i listen over!